KORPMET@

...
Meny

Huldreprest

Transkriberad uppteckning

Presten i Valle og tusepresten klokast. (ordskiftast)

Det var eingong ein mann her i Valle, som hadde svært mykje umgjenge med tussane. Men presten i Valle lika inkje dette, at hans sokneborn var saman med tussane. Presten gjekk då til mannen for å høyra um det var sant. Mannen sa at det var so.
"Hev du hug til å sjå og tala med ein tusse," sa mannen med presten, "so skal du snart få sjå og tala med han; for i kveld kjem han med ei brennevinsflaske som han hev lånt av meg."
Det var inkje lenge for tussen kom med flaska og takka for låni – og sette den på bordet. Då tussen ha stade der å røda ei stund – takka han for seg og vilde gå. Presten spurde um han inkje kunde venta, so dei fekk tala noko.
Presten spurde tussen, um han hadde høyrt um Jesus. "Nei det hev eg inkje," sa tussen. "Men eg hev ein bror som er prest millom tussane og han skal eg henta so du fær tala med han." "Eg hev vond tid, men det hadde vore moro," sa presten. "Det tekk inkje lenger hell eit korter (kvart), for han skal vera her." "Ja da vil eg vente," sa presten.
Då kortere var gjenge var tussepresten der og dei helsa på kvarandre. So tok dei til å klokast og det vart både væl og lenge. Vallepresten totte at tussepresten [var] grunnklok,- men Jesus kjende han inkje til.

Socken Setesdal
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR